Ruby Red & the Moonshine Brothers består av seks sørlendingar som fann kvarandre i Oslo og kom saman for å lage rootsmusikk på sitt eige vis. Bandet kombinerer sørlandsk naivitet og blodig amerikansk alvor, hardingfele og surfegitar. Med eit stødig komp og sterke solistar, siglar Ruby Red & the Moonshine Brothers fram som eit liveband det er moro å vere på konsert med. Debutalbumet til bandet kjem tidleg på sommaren 2014.

Dei tekstlege utgangspunkta til bandet spenner frå setesdalske halshoggingssoger via epleslang i Vennesla til grubling under tre. Alle låtane bandet spelar har Nicolai (gitar/vokal) og Marte Herwell (vokal) skrive saman eller kvar for seg. Kvar låt er unik, og difor kan òg det musikalske uttrykket variere, sjølv om det alltid er godt forankra i Ruby Red-soundet. Låtane har stort sett popstruktur, men innpakkinga er gjort av både tradisjonelle hardingfeleslåttar og bluegrasskoring.

Nokre låtar har ein slik karakter at alt anna enn ein akustisk gitar og kombinasjonen av ei mannerøyst og ei kvinnerøyst er overflødig. I motsett ende er låtane som treng hissig trommetrøkk og gitarsoloar med vreng.

Vi i Ikkjevelfestivalen har gledet oss til å kunne presentere Ruby Red & TMB på årets plakat og er ikke i tvil om at vi får høre noe av det beste og mest lovende innenfor denne sjangeren i Norge.